I samband med alle fellesskap er det alltid nokon som står utanfor.
Teatret Vårt, Molde
Av: Kjøllmoen/Vedel.
Manus og dramaturgi: Henriette Vedel.
Regi: Leiv Arne Kjøllmoen.
Scenografi og kostyme: Freya Sif Hestnes.
Med: Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik, Elias Moussaoui Anseth og Olavus Frostad Udbye.
Teatret Vårt i Molde held fram med å feire femtiårsjubileet sitt, og som med Arne Lygres og Mette Karlsviks «Dei som fer», er det nok ein gong med stadspesifikt teater, eller i alle fall tilløp til det. Dramatikarduoen Leiv Arne Kjøllmoen og Henriette Vedel har på oppdrag frå teateret laga ei framsyning om fellesskapets vilkår.