Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Aukande press på psykisk helse

HELSE: Fleire barn og unge har fått større behov for psykisk helsehjelp, og presset på tenestene kan utfordre pasienttryggleiken, ifølgje ein ny rapport. Rapporten følgjer opp fjorårets situasjonsskildring og viser at utfordringane i tenestetilbodet truar pasienttryggleiken. – Sjølv om pandemien er over for denne gongen, vil etterverknadene for barn og unge blir merka i lang tid, seier direktør Pål Iden i Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom). Rapporten legg særleg vekt på etterslepet etter pandemien som skaper auka ventetid, gapet mellom helsetilbodet i kommunane og tilbodet i spesialisthelsetenesta, og aukande prioriteringsutfordringar i dei kommunale tenestene.©NPK