ARBEIDSLIV: LO og NHO ber om at ukrainarar som kjem til Noreg som flyktningar, blir tekne godt imot i arbeidslivet. Dei trur 20.000 raskt kan komme i arbeid. – Det er bra for flyktningane å komme seg ut i jobb. Det er bra for barna å komme seg ut i skule og barnehage. Og det er bra for arbeidsgivarar å få hjelp, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til Aftenposten. Samtidig seier han at målet må vere at dei som kjem, raskt kan vende heim til Ukraina. LO-leiar Peggy Hessen Følsvik seier det «aller viktigaste er at vi tar godt imot folka som kjem hit». – Vi må sørgje for at dei kjem inn i eit trygt arbeidsliv og ikkje blir utnytta, seier ho.©NPK