URO: Frivillige sier historier om dårlige forhold gjør at mange ukrainske flyktninger ikke vil dra til Norge.
Flere drar fra det nasjonale ankomstsenteret grunnet lange ventetider og manglende informasjon:
LOV: Over 50 prosent av sakene som gjeld lovbrot mot dyr, blir lagde bort. No har politiet gitt Mattilsynet retningslinjer for å gjere etterforskinga betre. Avdelingsdirektør Elisabeth Wilmann i Mattilsynet erkjenner overfor NRK at dei nokre gonger har venta for lenge med å kople inn politiet. Ho håpar retningslinjene hjelper Mattilsynet med å betre forstå kva politiet treng for å gjere ein god jobb. – Retningslinjene seier noko om kor tidleg vi skal varsle politiet, korleis informasjonsdelinga skal vere og korleis vi kan sikre bevis, seier Wilmann. Dei nye retningslinjene til politiet og Mattilsynet blir sendt ut til alle avdelingar i heile landet og skal takast i bruk raskt, ifølgje NRK.©NPK