Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lat oss slutte å leite etter eit finare ord for krig.

Krig, ikkje krise

I filmen «Everything is Illuminated» (Alt er opplyst) frå 2006 forsøker den amerikansk-ukrainske jøden Jonathan, spelt av Elijah Wood, å gå opp at spora etter bestefaren sin som reiste frå Ukraina til USA etter andre verdskrigen. Jonathan reiser til Ukraina og går av toget i den no krigsramma byen Lviv. Så køyrer han vidare ut på den ukrainske landsbygda saman med guiden Alex frå Odessa og bestefar hans, for å finne den vesle byen Trachimbrod der bestefaren vaks opp. Det viser seg at det jødiske lokalsamfunnet blei fullstendig utsletta då nazistane invaderte Ukraina.