Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rotar seg bort i bambusskogen

PINLEG: Den 13-årige Mei (Rosalie Chiang) får ikkje halde mora Ming (Sandra Oh) unna avslørande dagbøker. FOTO: DISNEY PLUSS Pixar

Sympatisk, men sprikande film om jentepubertet.

(Turning Red, USA, 2022)

Regi: Domee Shi

Manus: Domee Shi, Julia Cho, Sarah Streicher

Røyster: Rosalie Chiang, Sandra Oh, Ava Morse, Hyein Park, Maitreyi Ramakrishnan, Tristan Allerick Chen

Sjanger: Animasjon

Aldersgrense: 9 år

Lengde: 1 t. 40 min.

Vist på: Disney pluss

Dette er tydelegvis året då alle frå norske ungdomspolitikarar til Disney (via sitt litt meir «edgy» underbruk Pixar) skal setja menstruasjon på dagsorden. Det er truleg eit teikn på at mensen for lengst har tapt si forkrøplande tabu-kraft over tenåringsjenter.