Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Brua

  • Ikkje få vestlandspolitikarar har fått vatn i munnen av tanken på ferjefritt E39 frå Kristiansand til Trondheim. Dei største prosjekta er Rogfast og Hordfast mellom Bergen og Stavanger. Fjordkryssingane skal ta ned reisetida mellom byane frå 4,5 til 2 timar. Hordfast, der det største enkeltprosjektet er ei bru over Bjørnafjorden, er kostnadsrekna til om lag 40 milliardar kroner og er kontroversielt både på grunn av kostnadane, utsleppa ved bygginga og fordi dei må byggje i urørt natur, som i regnskogen på Rekstern på Tysnesøy.