Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hytteeigarar vil ha straumstøtte

ØKONOMI: Noregs Hytteforbund ber om straumstøtte på lik linje med eigarar av privatbustader. – Staten tener ekstremt godt på denne straumkrisa, og det er ikkje urimeleg at eigarar av fritidsbustader òg no blir tilgodesett, seier styreleiar Trond Hagen i Noregs Hytteforbund. Straumstøtta for hushald vart torsdag forlengd ut mars 2023. Fritidseigedommar er framleis ikkje ein del av støtteordninga. – Hytta inngår i budsjettet og rekneskapen til familien som ein del av hushaldet. Derfor meiner vi at det einaste rettferdige og fornuftige er å sørgje for at eigarar av fritidsbustader får betalt tilbake det dei har betalt for mykje, seier han.©NPK