Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Biskops Arnö: Kva handlar skuldingane mot skriveskulen eigentleg om?

Ein karikatur

STRID: Kultursidene skildrar Biskops Arnö som den frie litteraturens åtselsbille. FOTO: BISKOPS ARNÖ

I Mälarens brune vatn, ein dryg time å køyre frå Stockholm, ligg den vesle, idylliske øya Biskops Arnö. Bispegarden, som ligg under store eiketre, har røter frå mellomalderen, men øya er i dag mest kjent for forfattarskulen som blei grunnlagt i 1978 og som har vore eit viktig steg på vegen for mange sentrale forfattarar: Monika Fagerholm, Sara Stridsberg og Susanna Alakoski – men også norske forfattarar som Beate Grimsrud og Kristin Berget. I Sverige er det ei handfull slike folkehøgskular som tilbyr skriveutdanning. Men Biskops Arnö har ein nesten mytisk klang. Den er også rekna som skulen det er vanskelegast å kome inn på.