TIL SIDE: I fjorten månadar har Bondeopprøret vore ei sterk kraft inn i landbrukspolitikken. No blir dei stille.
Bondeopprøret steig fram som ei ny kraft før landbruksoppgjeret for eitt år sidan. I fjorten månadar har dei slått tal og analysar om norsk landbruk i bordet og vist fram kvardagen til norske bønder, men no trer bøndene bak opprøret til side.