Heilskapen blir mindre enn delane i denne mummifilmen.
(The Braveries of Moominpappa, Finland/ Polen, 2021)
Regi: Ira Carpelan.
Manus: Ira Carpelan, Piotr Szczepanowicz, Malgorzata Wieckowicz-Zyla.
Norske røyster: Jan Gunnar Røise, Henrik Horge, Jon Arne Arnseth, Jan Gunnar Røise, Frank Kjosås, Mads Henning Skaar-Jørgensen, Liv Unni Larsson Undall.
Sjanger: Animasjon.
Aldersgrense: Tillaten for alle.
Lengde: 1 t. 12 min.
Vist på: Kino
Tove Janssons historier frå Mummidalen er eit av dei beste døma på verkeleg allalderlitteratur, historier som fungerer like godt for vaksne som for barn. Eitt døme på dette er memoarane til Mummipappa. Den kjærlege karikaturen av patriarken (med sin forfengeleg upraktiske flosshatt) som støtt dreg seg tilbake frå eit travelt hushald for å skriva livshistoria si, kan vekkja assosiasjonar til mang ein verkeleg far. Samstundes er det ikkje vanskeleg å leva seg inn i Mummitrollet si naive beundring av og grenselause kjærleik til faren. I romanane (særleg) er den doble kommunikasjonen med barn og vaksne både vakkert og subtilt gjennomført.