Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SURREALISME

Kreative følgjarar av Freud

KNUT LØVÅS

Fantasiens forfriskande faneberarar har flust å fare med.

Ein fin sommardag for mange år sidan, medan ettermiddagssola fekk dei røde hustaka i sentrum av København til å gløda, oppdaga eg på min veg mellom dunkle antikvariat og lune kroer noko høgst forunderleg. Eit sementrøyr strekte seg utover fortauet frå veggen av ein eldre bygning, og ut av sementrøyret stakk eit velkledd mannebein med mørk bukse, grå sokk og ein svart, blankpussa sko. Eg vart ståande å sjå på dette forbløffande synet. Så løfta eg blikket mot veggen og eit skilt. Ei måla hand peika oppover trappa. Under handa stod det «Surrealisme-udstilling». Eg let meg lokka og gjekk opp utan å ane at eg var på veg til ei skilsetjande oppleving. Ei open dør leia inn til ei heilt anna verd enn den som levde sitt liv i gatene der nede.