Maktfulle guder trenger ikke lovvern
— HAUK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Fleire fylkesleiarar i Høgre vil ta kampen for å snu om elektrifisering av sokkelen:
Skeptiske til klimagrep
KlimaAleksander Åsnes
STRAUM: Stadig fleire i Høgre varslar at dei er skeptiske til elektrifisering av sokkelen. På landsmøtet kan det bli kamp om å snu Erna Solberg sitt viktigaste grep for å kutte utslepp.
I Høgre er det no fleire som hiver seg på ein skepsis til å forsyne norsk sokkel med straum frå land for å kutte klimagassutslepp. Klassekampen har prata med alle fylkesleiarane i Høgre, og der har både straumkrisa og omsynet til framtidig industri gjort at mange plutseleg har vorte skeptiske til det store klimagrepet som det har vore semje om både på raudgrøn og borgarleg side.