Også lite språkinteresserte tykkjer namn er moro. Men først (som dei seier i NRK): stenging og stengning. Dette er ikkje mas, men eit kall, å få skrivande til å slutta med -ning der -ing er rett. Aftenposten og Klassekampen har iallfall kome eit stykke på veg, for i januar vingla dei i same nummer. Om 40 år er det ingen som tastar den ekstra n-en, han er utan språkleg grunnlag. Same tullet er det med ‘granskning’. ‘Stenging’ og ‘gransking’ er korrekt. Alltid.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.