Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kommunane Gran, Lunner og Jevnaker kan hamne i tre forskjellige fylke etter oppdelinga:

Ha det for Hadeland?

SPLITT? Ordføraren i Gran, Randi Eek Thorsen, viser fram Granavollen, ein historisk stad på Hadeland. No kan Hadeland bli spreidd for alle vinder og hamne i tre ulike fylke.
Foto: Siv Dolmen

DELT: Fylkeskløyvinga har skapt identitetskrise på Hadeland og kan ende med at det tradisjonsrike landskapet mistar representasjon på Stortinget.

Ein dryg time frå Oslo ligg eit småkupert og uvanleg frodig område som har blitt kalla Hadeland i fleire tusen år. Det består i dag av dei tre kommunane Gran, Jevnaker og Lunner. Når det no går mot oppdeling av storfylka Innlandet og Viken, kan det fort ende med at dei tre kommunane ender i kvart sitt fylke: Gran i Oppland, Lunner i Akershus og Jevnaker i Buskerud.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production