Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rekorddårleg laksefiske i 2021

SKRALT: Den nasjonale statistikken for laksefiske viser at det i fjor vart fiska rekordlåge 289 tonn i norske elvar, mot eit snitt på 427 tonn dei fem tidlegare åra. Nedgangen kjem etter at Miljødirektoratet fastsette nye fiskereglar i 2021 som reduserte moglegheitene for å fiske i både sjø og elv. – Den store nedgangen i fangst kan ikkje berre forklarast med dei reviderte fiskereglane eller med dårlege fiskeforhold, men kjem nok òg av at færre laks enn tidlegare har overlevd opphaldet i havet og kjem tilbake til elva. Dette bekymrar oss og viser at innskrenkingane i fisket i 2021 har vore nødvendige, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding. ©NPK