Middelmåtig film om evig-interessant fenomen.
(The Royal Treatment, USA, 2022)
Regi: Rick Jacobson.
Manus: Holly Hester.
Med: Laura Marano, Mena Massoud, Grace Bentley-Tsibuah, Chelsie Preston Crayford.
Sjanger: Romantisk komedie.
Aldersgrense: 7 år.
Lengde: 1 t. 36 m.
Vist på: Netflix.
Filmfantasiane om prinsar og prinsesser held stand! Det same gjer det europeiske arvemonarkiet. Begge delar er kulturelt og politisk utdatert på så mange innlysande vis at ein ikkje treng nemna Hertugen av York (eller sjangeravartar som «Pretty Woman») for å argumentera for påstanden.