STOPP: Med Arbeidarpartiet i spissen går bystyret i Bergen kraftig ut mot asylpolitikken til regjeringa. I Rogaland følger gruppeleiarar i fylkestinget etter.
– Dette er ei sak og utsending som me som samfunn ikkje skal sitta og sjå på. Omsynet til ungane veg for meg aller tyngst. Å ta ei mor frå to små ungar på denne måten, der går grensa, seier Anne Gine Hestetun.