Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jobbar med å lage fellesvaksine

HELSE: Forskarar ved Universitetet i Oslo er i gang med å utvikle ein klassisk sesongvaksine som verkar mot både influensa og koronaviruset. Ifølgje forskarane vil denne vaksinen gi langt betre vern enn dei vi bruker i dag, skriv forskingsmagasinet Apollon. – Dersom den nye vaksinen fungerer så godt som eg trur, vil han bli veldig bra, seier vaksineforskar Gunnveig Grødeland. Vaksinen gjer at du kan slå to fluger i ein smekk og få vern mot både influensa og koronaviruset. I tillegg vil han få fleire lag med vern enn dagens vaksinar, seier Grødeland. Vaksinen det dreier seg om, er ein klassisk proteinvaksine. Produksjonstida kan vere så kort som fire månader. ©NPK