Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Solveigs salt

Å sjå på med age

Enno er det ikkje blitt reist krav om livmortransplantasjon.

Det er så godt å vera kvitt sjølvmordstrusselen, sa mor til Marius. Ho gjekk på nåler så lenge han var Maria, og når telefonen ringte, var alltid det første ho tenkte at berre det ikkje har skjedd igjen. Endeleg var den sorga sløkt. Der det før var ei fortvilt dotter, var det no ein vaksen son med framtida for seg og overskot til å bry seg om andre enn seg sjølv.

Men det ville nok vore eit forferdeleg slag for bestemora om ho enno var i live. Ho var ei energisk og munnrapp kvinne som skapte ein varm og vakker heim der det var festleg å koma på besøk. Stort sett var det til å leva med at ho var meir enn normalt opphengd i normalitet. Ingen sa henne imot når ho greidde ut om kor rart det var at naboen ikkje var gift, så kjekk og pen som han var, endå dei fleste visste at han var kjærast med ein annan ungkar. Såleis hadde alle tre nytte av den same toleransen: Ho fekk seia kva ho ville, dei fekk leva som dei ønskte.

For barnebarna kunne det nok likevel vera ei påkjenning at ein så viktig person i livet deira var så nøye på at alle var som dei skulle vera, som ho sa. Den homofile sonesonen hadde sikkert ikkje halde seg så lenge i skåpet om han ikkje støtt hadde fått høyra kor ufyseleg det var med sånne som han. Og dotterdottera hadde vel kanskje ikkje fått slik avsky for kroppen sin om ho ikkje hadde vakse opp med så strenge reglar for korleis jenter skal sjå ut og oppføra seg.

FØREDØMELEG: Odyssevs.

Å velja mellom kirurgiske inngrep og død er sjeldan særleg vanskeleg. Dei som blir råka av kreft, gjev frivillig avkall på både testiklar og eggstokkar, og lèt seg attpåtil bestrålast og forgiftast i månader og år. På same vis godtok mor til Marius dei amputasjonane og hormoninjeksjonane som barnet hennar måtte gjennom for å overleva. Men dersom ho kunne spola tida tilbake, ville ho nok først og fremst prøvd å stengja av for den giftige påverknaden, teke eit oppgjer med fordomane til bestemora og late Maria utfalda seg i kraft av sin eigen natur.

Samtidig er det verdt å merkja seg at til denne tid har det ikkje vore reist krav om livmortransplantasjon og rett til å føda barn for transkvinner. Det kvinnelege ligg i det ytre, i såkalla feminine former og manerar, og slik frisyre og klesdrakt som gjeld for passande i det kulturområdet ein lever i. Det inneber sjølvsagt ikkje at kjønnsidentitet er noko overflatisk som ein ikkje treng bry seg om. Men det viser at kjensla av å vera mann eller kvinne utviklar seg i samspel med andre, under det blikket ein blir sett med.

«Å velja mellom kirurgiske inngrep og død er sjeldan særleg vanskeleg»

Aller helst skulle alle unge menneske vore sette med auga til Odyssevs, slik han ser på den første han møter etter at han har sumt gjennom sjøen i fleire døgn og endeleg greidd å karra seg opp på tørt land. Han har nok eit slags inntrykk av at det er ei jente, men endå meir ser han at det er eit guddomleg vesen, heva over smålege kategoriar:

For slikt menneskebarn kom meg enno aldri for augo,

korkje kvinne hell mann. Med age skòdar eg på deg.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.