Vakkert om overskridande venskap.
(I mysi patrí do nebe, Tsjekkia, 2021)
Regi: Jan Bubenicek, Denisa Grimmová.
Manus: Alice Nellis, Richard Malatinský, etter ei bok av Iva Procházková.
Norske røyster: Ulrikke Brandstorp, Jakob Oftebro.
Sjanger: Animasjon.
Aldersgrense: 6 år.
Lengde: 1 t. 20 min.
Vist på: Kino.
Mus jaktar på biller, revar jaktar på mus, og menneske jaktar på revar. Slik har det alltid vore, så når Lise Mus tøffar seg for flokken med å nappa ein pelsdott av den sovande Snøpels Rev, har både vi og venene hennar all grunn til å frykte det verste. Sjølvsagt vaknar reven, og Lises triumf blir til rask retrett, men så skjer det noko uventa, som får hierarkiet av bytte- og rovdyr til å velta.