Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kongen har rett: I det norske språket lever vi det same livet.

Kven sitt liv?

EITT LIV: Kongen er betre på språkleg kvalitetssjekk enn statsministeren.

«Hvordan har livet i Norge forandret seg?» Aftenposten-tittelen 4. januar fortener ros. Det gjer ikkje setninga til statsministeren 1. januar: Når livene våre blir stadig mer ulike, tærer det på tillit. På norsk heiter det framleis: ‘Når livet (vårt) blir mer ulikt, tærer det på tillit’. I Dagsrevyen 5. januar snakka ein om ‘å leve livene våre’, ein annan, i nord, ‘der kor de leve livan sine’.

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.