Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Omikronbølgja avdekkjer at helsevesenet i heile Europa er underfinansiert:

Helsevesenet er på felgen

UNDERBEMANNA: Mange år med kutt har ført til legemangel i Europa. Her frå sjukehuset Doupnitsa i Bulgaria. FOTO: DIMITAR DILKOFF, AFP/NTB DIMITAR DILKOFF

KAOS: Eit enormt ras av smittetilfelle knytt til omikronvarianten av koronaviruset skaper kaos i helsestellet i heile Europa. Særleg primærhelsetenesta lid.

Den 39 år gamle Alberto Pérez tok ein hurtigtest i heimen sin i Madrid fordi han hadde hovudverk og forkjølingssymptom. Som for så mange andre avslørte hurtigtesten at han hadde covid-19.