Livet i sjøen og helsa til hava er vårt ansvar. Det kan seiast utan å skremma barn.
(Puff: Wonders of the Reef, Australia, 2021)
Regi: Nick Robinson.
Manus: Peta Ayers, Nick Robinson.
Forteljarrøyst: Rose Byrne, norsk teksting.
Lengde: 1 t 2 min.
Sjanger: Dokumentar.
Aldersgrense: Passar for alle.
Vist på: Netflix.
I 63 år har forskarar målt temperaturen i verdshava, og aldri har dei vore varmare enn i 2021. Stigande havtemperaturar har enorme konsekvensar for alt frå lokale økosystem og fiskestammar til store vêrsystem og klimaet på heile planeten, men den vitskaplege rapporten (publisert i Advances in Atmospheric Sciences) har likevel fått særleg merksemd i Australia, landet som forvaltar Det store barriererevet – verdas største enkeltstruktur laga av levande organismar. Det store barriererevet er i seg sjølv eit måleinstrument for Jordas helsetilstand, og korallane blir sjuke og døyr når temperaturen i vatnet stig. Det er eit underliggjande tema i den vakre og innhaldsrike filmen om «Kulefisken Puff og korallrevet».