Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er det så vanskeleg å forstå, eigentleg?

I Klassekampen 29. desember stiller Morten Jerven spørsmålet: «Er vaksinemotstanderne dumme eller kyniske?» og bruker økonomifaget i sin argumentasjon, kombinert med ein flåsete stil. Det er eit dårleg utgangspunkt ettersom mennesket er eit sjølvstendig tenkande, følande og handlande vesen. Kanskje vil Jerven berre provosere? Men la gå, eg vel å ta han på alvor.