Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dressen

  • Endeleg har menn fått eit klesproblem. NRK har intervjua nokre av dei beste sjakkspelarane i verda, Maxime Vachier-Lagrave og Hikaru Nakamura, om det dei kallar absurde klesreglar under VM i snøggsjakk. Dei kan ikkje gå med genser, og plagga må vere einsfarga. Nakamura seier at han stort sett har gått i shorts og sandalar i to år og synest det er uvant å spele i dress. Om nokon møter i singlet og sandalar, bryr han seg ikkje, seier han, men legg til at det bør kanskje vere litt profesjonalitet.