Du kan bla til neste sideBla med piltastene

900 år: God, gamaldags folkeopplysning om krisetider i norsk historie.

Historie og gjentaking

LIVET DÅ: Finskfødde kveners utvandring til Finnmark på 1800-talet er tema i «Krisetid»-serien. ILLUSTRASJON: FRANZ WILHELM SCHIERTZ, «FISKEVÆR I FINNMARK», 1883/NASJONALMUSEET

«Krisetid» har Samlaget kalla ein framifrå forlagsidé som ligg stabla på skrivebordet framfor meg: Fem små bøker på pluss/minus hundre sider, der kunnige folk skriv om korleis nordmenn har opplevd ulike kriser gjennom nærmare ni hundre års historie. Utstyret er stilig, symbolikken enkel: Ein diagonal deler både framside og bakside i ein svart og ein oransje, grøn, raud, blå eller brun rettvinkla trekant – ei krise er ei krise, men samstundes noko ulikt. At ho også har sine vinnarar og taparar, har vår eigen pandemi gitt oss fleire døme på. Då passar det òg å få sagt at ordet krise kjem av gammalgresk krinein og først blei nytta av legekunstens far Hippokrates for å diagnostisere ein sjukdom, med andre ord ein tilstand der noko har gått gale og det gjeld å reparere feilen, så han ikkje gjentar seg.