SPENT: Nupi-forskar Karsten Friis meiner kritikarane av den nye baseavtalen driv med antiamerikanisme, men han får sjølv så hatten passar av forskarkollega.
Forskar Karsten Friis ved Norsk utenrikspolitiske institutt (Nupi) meiner at lite er forandra med den nye tilleggsavtalen mellom Noreg og USA på forsvarsfeltet.
Avtalen skal handsamast i Stortinget til våren og let mellom anna amerikanarane nytte seg av fire basar på norsk jord.
På desse såkalla omforeinte områda får amerikanarane disposisjonsrett og kan mellom anna setje opp eigen infrastruktur. Notatet som Forsvarsdepartementet har sendt ut på høyring saman med sjølve avtalen, opnar for at amerikanarane kan trassa norsk lov og norske folkerettslege forpliktingar om dei ser seg tent med det.
Friis meiner at det ikkje er tale om basar i det heile, og at det ikkje varslar noko endring i tilknytinga mellom Noreg og USA.
– Postkontor og kantiner
– Dette er tale om postkontor og kantiner der du kan få kjøpe deg ein Big mac. Det er ikkje noko militærbasar. USA har militærbasar i Tyskland. Der bur det militærpersonell fast med sine familiar. Det er noko heilt anna, seier Friis.
Han seier at slik han oppfattar det, så ligg samarbeidet mellom USA og Noreg fast.
– Vi har vore alliert med USA sidan 1949, så denne problemstillinga er ikkje ny. Militærteknologien har endra seg mykje sidan den gong, og no vil USA ha meir fleksibilitet og meir dynamiske styrkar, det er difor dei treng desse områda.
I Stortinget har Raudt og SV varsla at dei er motstandarar av avtalen, og at dei ser på det som eit klart brot med dagens basepolitikk, som er at vi ikkje skal ha militærbasar på norsk jord. Friis er ikkje imponert av kritikken.
– Dette blir antiamerikanisme og ein ryggmergsrefleks som eg tenkjer vi må heve oss over. Det er ikkje vitskap dette her akkurat, så det er heilt greitt å meine ulike ting, men vi må prøve å tenkje kva som faktisk skjer. Vi er alle samde om at vi ikkje vil drive opp spenninga med Russland i nord. Eg meiner at denne avtalen ikkje gjer det. Dei som meiner noko anna, må vise heilt konkret korleis han gjer det.
Får svar på tiltale
Ei som definitivt meiner noko anna, er forskarkollega Julie Wilhelmsen, også ho ved Nupi. Ho seier at norske styresmakter ikkje er ærlege når dei seier at tilnærminga til Russland er den same som før.
– Norske styresmakter pyntar på sanninga. Den politiske retorikken har stadig vore at det ikkje blir gjort endringar i norsk politikk, men ut frå det eg har observert, så stemmer ikkje det, seier Wilhelmsen.
Ho fortel at etter at Russland annekterte Krim-halvøya i 2014, så har Noreg gått vekk frå ein tilnærming med balanse mellom avskrekking og tiltak for å roe ned Russland og heller lagt oss på det som er den amerikanske linja, nemleg meir einsidig avskrekking. Dette meiner ho har skjedd utan at norske styresmakter har vore ærlege om det, og ho ser den nye tilleggsavtalen mellom Noreg og USA i det ljoset.
– Det problematiske med dette er at Russland skjønar dette veldig godt og utnyttar det retorisk. Om Noreg vil legge seg på ei meir einsidig avskrekkingslinje, er vi betre tent med å vere ærlege om det, trur eg. Men eg meiner jo at vi ikkje bør gjere det, eg meiner vi då risikerer å eskalere ein allereie ekstremt betent situasjon.
– Kollegaen din seier at ein del kritikarar av denne avtalen berre driv med anti-amerikanisme som ein ryggmergsrefleks?
– Ja, det er eg fullstendig ueinig i, og det må du skrive. Dette er ikkje anti-amerikanisme, men kaldhovuda analyse av kva som er situasjonen. USA meiner at det rette er å skremme Russland så tett opp til grensa som mulig for å få dei til å trekkje seg vekk. Det alternative norske synspunktet har ofte vore at det er feil, for det vil utløyse motsvar. Eg deler denne analysen, men norske styresmakter er no på veg vekk frå den, seier Wilhelmsen.
Ho tykkjer situasjonen er krevjande og kunne godt ha tenkt seg ein opnare debatt om den nye forsvarsavtalen.
– Lite sannsynleg
Dei fire basane som amerikanarane får tilgang til i den nye avtalen, vil kunne bli brukt til å drive rask troppeforflytting i ein krigssituasjon med Russland.
Karsten Friis meiner likevel at avtalen gjev klare retningslinjer for korleis basane skal bli brukt, og at Noreg er tent med at dei blir bygd opp.
– Det er veldig lite sannsynleg at USA vil gjere Noreg til ei slagmark i ein krigssituasjon. Vi kan sjølvsagt tenke at kanskje dei overkøyrer oss og ikkje bryr seg om det som står i avtalen, men om USA berre gjer det, har vi uansett større problem, seier Friis.
Retting 9. desember: Klassekampen fekk sitatsjekk frå Julie Wilhelmsen etter at avisa gjekk i trykken i går. Sitata i denne saka på nett er riktige, og dei er altså forskjellege frå dei som står i papirutgåva. Vi beklagar.