UAVKLART: Det er meir uvisse om den nye omikronvarianten enn det har vore tidlegare i pandemien med nye virusmutantar, meiner helsedirektør Bjørn Guldvog.
– Uvissa er større. Til og med i mars 2020, då vi fekk viruset inn, så hadde vi jo observert utviklinga i eit par månader i andre land. Vi hadde erfaring med store smitteutbrot frå Italia og andre stader, seier Guldvog til NTB etter pressekonferansen på tysdag.