Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mulkt og gebyr for straumselskap

BOT: Forbrukartilsynet varslar tvangsmulkt på 1 million kroner og gebyr på opptil 500.000 kroner til tre straumselskap som ifølgje tilsynet hevdar dei er billigast. Varselet er sendt til Nordlysenergi, Agva Kraft og Motkraft. Dei daglege leiarane i Nordlysenergi og Agva Kraft blir òg trua med straffegebyr for medverknad til villeiande marknadsføring – Å hevde at ein er billigast er eit sterkt salsargument. Dersom det ikkje er rett, er det villeiande og eit brot på marknadsføringslova, seier Forbrukartilsynets direktør Trond Rønning til nettstaden til tilsynet. Selskapa har fått frist til januar med å komme med merknader og dokumentasjon i saka. ©NPK