Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Steven Spielbergs «West Side Story» er eit godt argument mot «modernisering» av klassikarar.

Levande teater på kino

IMMIGRANTRØYNSLA DÅ OG NO: Ariana DeBose er fantastisk i «West Side Story» si kanskje beste rolle, Anita, som er like aktuell i dag som i 1957. FOTO: DISNEY NORDIC Photo by Niko Tavernise

Ein skimtar samtids-USA i 1950- talets Manhattan.

(USA, 2021)

Regi: Steven Spielberg.

Manus: Tony Kushner, basert på musikalen av Leonard Bernstein, Stephen Sondheim, Jerome Robbins og Arthur Laurents.

Med: Ansel Elgort, Rita Moreno, Rachel Zegler, Ariana DeBose, David Alvarez, Mike Faist, Josh Andrés Rivera.

Lengde: 2 t. 36 min.

Vist på: Kino.

«West Side Story» er eit risikabelt prosjekt. Mange har sine favorittolkingar av musikalklassikaren (med hits som «Tonight» og «I Feel Pretty»). Dessutan gjorde Robert Wise ei ikonisk filmtolking (prisa med ti «Oscars» i 1962) berre fire år etter Broadway-premieren, medan det enno var openbert kor banebrytande det tematisk hypermoderne verket var i sin krevjande kombinasjon av musikk, dans og drama.