Äntligen, eller …
Har Svenska Akademien reist seg etter skandalen?

(Sverige, 2021)
Av: Kristoffer Graci og Joel Karsberg.
Med: Matilda Voss Gustavsson, Björn Wiman, Jonas Gardell, Ebba-Witt Brattström, Gloria Allred.
Lengde: 4 x 45 min.
Vist på: Viaplay.
Opprullinga av sexovergrepa til sjarlatanen Jean-Claude Arnault er ikkje berre den største metoo-avsløringa i Norden til no. Eksponeringa, som starta med vitnemåla til 18 kvinner i avisa Dagens Nyheter i 2017, er også ein av dei største kulturskandalane på lang tid. Journalisten som dekte saka for The New York Times, seier det slik i den nye dokumentarserien «The Prize og Silence»: Dette galdt ikkje berre eit filmproduksjonsselskap, som i Harvey Weinstein-saka. Det galdt den mest prestisjefylte litteraturprisen i verda. Korleis kunne det skje – i jamstillingslandet Sverige?
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent