Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Beforeigners» har skapt ei ikonisk kvinnerolle og endevender norske ikon på inspirerande vis.

Moderne kultus

Krista Kosonens Alfhildr er «Beforeigners» rølpesvar på Sarah Connor og Ellen Ripley.

(Sesong 2, 2021)

Serieskaparar: Anne Bjørnstad og Eilif Skodvin.

Regi: Jens Lien.

Med: Krista Kosonen, Nicolai Cleve Broch, Tobias Santelmann. Lengde: 6 episodar à 45–50 min.

Vist på: HBO Max, premiere 5. desember.

Fortida innhentar oss alle, er slagordet til sesong to av «Beforeigners». Den medvitne platityden er ikkje utypisk for komikken i serien, som byggjer på ideen om at fortidsmenneske (med anakronistiske tankesett og framande normer) tar over vårt eige samfunn gjennom ei tidsfolkevandring frå ulike historiske epokar.