Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Terje Kollbotn talar for dei som sit på dei bakarste radene. Det lærte han av ein gammalkommunist på den tida då han låg vaken og frykta talarstolen.

Kraftverket frå Odda

JERN I ILDEN: Terje Kollbotn er fagforeiningslegenda frå Odda. No er han også blitt vara på Stortinget for Raudt. Anne Kari Hinna

Den fyrste snøen ligg som eit tynt teppe over landskapet. Terje Kollbotn, fagforeiningsleiaren og Raudt-politikaren frå Odda, trør med røynde steg oppover skråninga. Ein røyskatt har kryssa stien før oss, fortel han, og sjå der, kven trur du har gått der? spør han og peiker på dei langt større spora som skrår ned mot riksveg 13 i snøen.