Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva har eigentleg endra seg for vanlege folk i løpet av 15 år med sosialistisk styre i Bolivia?

Draumen om eit betre liv

MOR OG BARN: Mødrer held spedbarna sine på eit arrangement på Verdas prematurdag den 17. november på sjukehuset Del Norte i El Alto i Bolivia. Helsetilbodet for kvinner er noko av det som har blitt utbygd under åra med Mas-styre i landet. FOTO: JUAN KARITA, AP/NTB Juan Karita

Husa er høgare og butikkane fleire, men synet av dei mektige grønkledde fjella og lukta av «den gode urt» er ikkje til å ta feil av. Eg er tilbake i landsbyen der eg budde som tjugeåring. Eg har ikkje vore her på 15 år – dei same 15 åra Mas har styrt Bolivia. Om noko har endra seg for vanlege folk, så vil eg lett få auge på det her i denne landsbyen eg kjente så godt.