Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Surrealistisk: «Sørgerender» framstår som affektert prosa skrive på Ole Robert Sunde-manér.

Tilgjord sørgefrakk

STRAUM AV INNTRYKK: Morten Langeland opererer med ein intens forteljeinstans. FOTO: CHRISTIAN OLSTAD

Om ein hadde lese seg gjennom heile Ole Robert Sundes forfattarskap for å sjå på alt som tematisk og ned på ordnivå kryssar, heng saman, er ein variasjon av og spinn vidare på, hadde sluttresultatet vore eit omfattande persisk teppe. Da eg las Sundes siste utgiving «Vomtenker» (2020) blei eg opphengt i dei melankolsk appellerande orda «sørgekåpe» og «sørgerand». I eit forsøk på å sjå etter samband, fann eg fram Sundes «All verdens småting» (1996), og i ein detaljert studie av ein avklipt nagl i den første teksten, dukka det nettopp opp ei skildring av «en svak sørgerand, føyd sammen etter en mirakuløs prosess.»