Makt gir rett, men rett gir ofte avmakt.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
FOTBALL-VM: NFF er glad arrestasjonen av dei norske journalistane har fått styresmaktene på bana.
Treng hjelp mot Qatar
Mot veggenMartin Årseth
– Neste vinter arrangerer Qatar VM i fotball, ein meisterskap som er omstridd både på grunn av korrupsjonsskuldingar rundt sjølve tildelinga og på grunn av tilhøva for arbeidarane som byggjer infrastrukturen til meisterskapen. To norske journalistar vart denne veka arrestert og kasta på glattcelle medan dei var på jobb i Qatar. Amnesty kom denne hausten med ein rapport som talfesta døde migrantarbeidarar til 15.000 dei siste ti åra. Noreg har ikkje kvalifisert seg til meisterskapen og den norske debatten om boikott er såleis over. Korleis jobbar Noregs Fotballforbund (NFF) no med å betre tilhøva i Qatar?