Krigsfilm som faktisk fortener å bli kalla film.
(Természetes fény, Frankrike/ Tyskland/ Ungarn, 2021)
Regi og manus: Dénes Nagy, basert på Pál Závadas roman.
Med: Ferenc Szabó, László Bajkó, Tamás Garbacz.
Lengde: 1 t. 43 min.
Vist på: Kino.
Ungarske Denés Nagy vann regiprisen på Berlinalen i år med andre verdskrig-dramaet «Natural Light». Filmen kunne vore aktuell for ein økumenisk pris – som heidrar allment etisk innhald meir enn uttrykk – men juryen gjorde rett i å framheva regien. Her er det forma som ber bodskapen.