Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nokon ord, uttrykk og namn tyder ikkje det mange trur.

Kløft i forståing

GLASGOW: Møte i den grøne kløfta. Anniken C. Mohr

No gjer eg noko som eg prinsipielt ikkje gjer: å omtala eigne bøker. «Menneskesonen» (ben adam på hebraisk) kom i påsken. Verken Aftenposten eller Klassekampen har omtalt boka, og no står advent for døra. Etter det eg veit, er ein slik roman ikkje skriven før, heller ikkje i utlandet. Som «eg», førsteperson, sit rabbien frå Galilea og mimrar om det som vart livet hans, sitjande dødssjuk like vest for Kapernaum, ei dryg veke etter krossfestinga. Fødd vart han i Nasaret, nokre år før sin fødsel, viss me tek vår vestlege tidsrekning på alvor. Orda i Jeshuas minne og munn er enkle og slitesterke, utan spor av moderniteten …

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.