START: Kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) får det koordinerande ansvaret for tillitsreforma. Utover det er lite framleis klart.
I fleire år har Arbeidarpartiet og Senterpartiet jobba med planar for ei tillitsreform i offentleg sektor, der mange meiner mål- og resultatstyringa har gått alt for langt. Tilsvarande reformer i både Sverige og Danmark er studert nøye, og visjonane har dei siste åra vore mange.