Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Senterpartiet vil ha tunnel, men set vidare utbygging aller først:

Nær baneavgjerd

SLAGET: På onsdag vedtek Bergen om bybana skal gå over Bryggen eller ikkje. Her passerer den eksisterande bana rådhuset i byen. Klassekampen

VALET: Medlemane i Senterpartiet og Raudt vil ha bybana til Åsane. Då kan dei vere nøydd til å la henne gå over Bryggen.

Eit stort fleirtal med 26 av 29 frammøtte på medlemsmøtet i Senterpartiet i Bergen torsdag, røysta for å byggje bybana i Bergen vidare gjennom tunnel bak Bryggen og ikkje i dagen forbi det kjende landemerket.