Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleire med høg gjeld tek opp lån

AUK: Ein stor og aukande del av nye bustadlån blir teke opp av personar som har høg samla gjeld i forhold til årsinntekt, ifølgje ei undersøking frå Finanstilsynet. Nesten halvparten av lånevolumet i årets undersøking er gitt til låntakarar med gjeld over fire gonger årsinntekt, kjend som gjeldsgrad. – Mange låntakarar har både høg samla gjeld i forhold til inntekt og bustadlån som utgjer ein høg del av verdien på bustaden. Dette er urovekkjande, då desse låntakarane kan vere særleg sårbare ved bortfall av inntekt, auka rente eller fall i bustadprisar, seier Per Mathis Kongsrud, direktør for digitalisering og analyse i Finanstilsynet. ©NPK