Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bergen prøver å bestemme seg igjen.

Banesåret

ENDELEG: Etter 18 år med diskusjonar skal bergenspolitikarane på onsdag avgjere om bybana skal gå over Bryggen eller ikkje. FOTO: MARIT HOMMEDAL, NTB Marit Hommedal

Tidleg på sommaren i 2003 kom bystyrepolitikar og høgremann Henning Warloe heim frå ein studietur på kontinentet. Med seg hadde han framlegget om å byggje bybane over Bryggen, dei ikoniske trehusa i Bergen som etter krigen mista namnet Tyskebryggen – bergensarane ville eigentleg rive heile greia.