Du kan bla til neste sideBla med piltastene

700 år: Det lar seg ikkje gjere å måle verknadshistorien til «Den guddomlege komedien».

DANTES SONG

LIVSVERK: Dante vender seg mot Skiringsheimen. Måla av Agnolo Bronzino, cirka 1530. FOTO: WIKIMEDIA Florentine 16th Century

Hausten 1321, for temmeleg nøyaktig 700 år sidan, låg ein mann for døden i Ravenna i Nord-Italia, der han dels var gjest og dels innleigd retorikar og ghost writer hos Guido da Polenta, fyrsten av Ravenna. Denne mannen var då 56 år gamal, og vide kjend som meister på skrive- og talekunstens område. Og han var driven i eksil frå Firenze. I teneste for sin fyrstelege mesen hadde han den hausten vore utsending til Venezia, på diplomatisk oppdrag. Under tilbaketuren pådrog han seg ein febersjukdom, på veg over det vasstrekte myrlendte området kring Po-deltaet. Skjelvande av frost og feberrier tok han seg fram i retning Ravenna, mot ein midlertidig heim, den einaste han hadde att. Då han nådde dit var han ille medteken. Før morgonen gryr 14. september 1321 er han ikkje lenger mellom dei levande. Denne mannen var Durante di Alighiero degli Alighieri. Alle som kjende han eller hadde høyrt om han, kalla han Dante, poeten Dante – florentinar av herkomst, ikkje av vandel, som han sjølv skal ha uttrykt det.