Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Grueleg godt, men grunt

SKUMMELT PÅ SLOTTET: Hans og Grete har vorte prins og prinsesse i «Grøss og gru i Grimms verden». FOTO: NETFLIX

Nydikting på eventyra til Grimm-brørne byrjar bra, men tværast ut.

(A Tale Dark & Grimm, Canada, 2021)

Regi: Simon Otto og Jamie Whitney.

Manus: Doug Langdale med fleire, etter boka til Adam Gidwitz.

Tale: Engelsk original, norsk dubbing.

Tilrådd aldersgrense: 7 år.

Lengde: 10 delar x 30 min.

Vist på: Netflix.

Eventyra samla og nedskrivne på tysk tidleg på 1800-talet av Jacob og Wilhelm Grimm har hatt stor innverknad på populærkultur i USA. Det skuldast ikkje minst Walt Disney, som valde seg «Snøhvit og de sju dvergene» då han laga den første animerte langfilmen i 1937.