Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Støre-regjeringa aukar formuesskatten med 1,7 milliardar, men SV og Raudt er ikkje forsynte:

Tek moderate skattegrep

FORSLAG: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la i går fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2022. I forgrunnen her er finanspolitisk talsperson i SV Kari Elisabeth Kaski. FOTO: STIAN LYSBERG SOLUM, NTB Stian Lysberg Solum

ENDRING: Regjeringa gjer berre små endringar i dei store skattelettane til Erna Solberg (H). SV varslar tøffe forhandlingar.

Då Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i går gjekk på talarstolen i Stortinget for å leggje fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2022, trekte han fram at vanlege folk kjem til å få lågare skatt med deira forslag. Faktisk vil to tredelar av lønsmottakarar ifølgje Vedum få eit skattekutt med Støre-regjeringa sitt opplegg.