ABE-språket
I eller på parti med forkortingar?

Heiter det i Kongsberg eller på Kongsberg? Svaret er lett: begge delar. Men tydinga er ulik. Kommunar (og fylke) skal, utan unntak, ha i. Byar og bygder kan ha på. Til dømes gjeld dette Gjøvik, Lillehammer, Hamar, Notodden. Desse skal ha «på». Så «i Hamar» er kommunalt og vidare enn «på Hamar». Og Agder-fylket i sør skal omtalast som i Agder. Det er likevel stadig råd på tradisjonelt vis å snakka om på Agder. Men dét området er ikkje administrativt, det har ein laus definisjon og omfattar verken Setesdal eller dei indre bygder. Bruken av fylkesnamnet i Hedmark og det tradisjonelle på Hedemarken viser det same.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent