Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Prekært: Kan forfattarar skildre eit arbeidsliv dei knapt kjenner sjølve?

Eigne erfaringar

NY JOBB: Anders Teglund jobba som sykkelbod i Foodora under pandemien – og har skrive bok om erfaringane han gjorde seg der. FOTO: MIKAEL GOTHAGE Mikael Gˆthage

Prekære tilstandar – usikre vilkår og låg løn – har blitt vanlegare på den svenske arbeidsmarknaden, og eit viktig tema i den svenske samtidslitteraturen. Kjende døme er Kristian Lundbergs roman «Yarden» (2009), som skildrar korleis det er å jobbe i eit bemanningsbyrå på hamna i Malmö, og Daria Bogdanskas serieroman «Lønsslaver» (2017), om innvandrarar som jobbar svart i restaurantbransjen i same by.