Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Danninga

  • I april 1946 vedtok Stortinget å opprette eit andre universitet i landet, og Universitet i Bergen har lagt 75-årsjubileet til denne veka. Det vitskaplege arbeidet i byen strekkjer seg lenger tilbake, til opprettinga av Bergens museum i 1825. Museet vart grunnlagt av mellom anna stortingspresidenten Wilhelm Koren Christie som står på sokkel utanfor museet no. Fridtjof Nansen tok doktorgraden sin i 1888, Vilhelm Bjerknes grunnla den moderne vêrvarslinga, og mange andre viktige personar har fått gjeve sine bidrag til forskinga frå Bergen. Jamvel nokre kvinner, om eg ikkje tek heilt feil.