Ei mengd fantasirike skapningar og vesen, men forteljinga kunne ha greidd seg med færre element.
Teatret Vårt, Festiviteten, i Kristiansund
Basert på: Roman av Michael Ende.
Dramatisert av: Vera Krohn Svaleng.
Regi: Ingrid Askvik.
Scenografi, kostyme og masker: Johanna Dahlbäck.
Med: Elias Moussaoui Anseth, Sigrid Alnæs, Kristoffer Egset og Eline Øverby.
Romanen «Den uendelige historie» av den tyske forfattaren Michael Ende blei gitt ut i 1979 og blei raskt ein klassikar innan fantasy-sjangeren. Allereie i 1984 blei historia filmatisert med ein tittellåt av Limahl som blei ein megahit. Slik skulle ein tru at forteljinga om Bastian og reisa hans i landet Fantasia skulle vere godt kjend. Men dette er ei barne- og ungdomsbok, og eg er ikkje overtydd om at dei yngste generasjonane i dag er heilt oppdaterte.